Lørdag 3. og søndag 4. september representerte Erlend Grytten Sunnarvik, Elvie May Buanes, Frida Husefest Nygård og Pernille Hessvik Holme (alle 14 år) Sogn og Fjordane friidrettskrins på Lerøy-leikane 2022.
Lerøy-leikane er Norges friidrettsforbunds regionale arrangement for aldersgruppa 13 og 14 år. På Byrkjelo konkurrerte Sogn og Fjordane mot Hordaland, Rogaland og Innlandet.
Våre utøver representerte krinsen i:
- Erlend, 60m (gull), høgde (gull), lengde (gull) og tresteg (gull)
- Erlend forbetra krinsaldersrekorden sin i tresteg (G14) med eit hopp på 12.39
- Elvie May, 60m, 60m hekk (sølv), lengde (sølv) og tresteg
- Frida, 60m, kule, lengde og tresteg (bronse)
- Pernille, høgde (sølv), stav (bronse), lengde og tresteg
Hordaland vann kretskampen med Sogn og Fjordane som ein god nummer to, og Sogn og Fjordane vann begge stafettane
- Donald Duck stafetten lørdag, her var både Erlend og Elvie May med.
- 200m stafett på søndag, her var Erlend med.
Komplett resultatliste frå kjekke Lerøy-leikar på Byrkjelo både som utøvar og publikum finn du her.
Resultat Lerøy-leikane 2022, Byrkjelo