Om du er topp trent eller berre ønskjer å spasere deg ein tur saman med venner og kjente, meld deg på SFE Florømila Rett Vest.

Vi startar dagen med eit barneløp (0-12 år) rundt Lilleåsen kl.13. Her blir det startnummer på brystet og gullmedalje til alle som deltek, i tillegg til saft og frukt ved målgang.

Traséane
Løypa for 5km og 10km går langs Lille- og Storevatnet, over bruene ved Kystmuséet til Brendøya (vendepunkt 5 km). Og for dei som spring SFE-mila, vil Sørstrand folkepark med holmar, bruer og ei utsikt der hav møter himmelen i vest, bli ein del av traséen. Start og mål på Florø stadion. Trykk her for kart med traséane (Google Maps)
 
Starttider, prisar og påmeldingsfristar.
Distanse Start 31.03 - 20.04 21.04 - 22.04 23.04 (løpsdagen) Påmeldingsfrist
Barnas Konglerikeløp kl. 13 50 kr 50 kr 50 kr God tid før kl. 13!
SFE-mila konkurranse kl. 14 200 kr 350 kr --- 22.04 kl. 22.00
5km konkurranse kl. 14 200 kr 350 kr --- 22.04 kl. 22.00
SFE-mila mosjon kl. 14 130 kr 200 kr 200 kr God tid før kl. 14!
5km mosjon kl. 14 130 kr 200 kr 200 kr God tid før kl. 14!

NB!
For konkurranse-løparane og Barnas Konglerikeløp stenger påmeldinga 22. april kl. 22.
Påmelding til Barnas Konglerikeløp kan gjerast "manuelt" ved frammøte i "klubbhuset" ved stadion løpsdagen.   
Men vi oppfordrar å gjere påmeldinga på nett på førehand, før 22.04. kl. 22! 
 
Premiering
Flotte premiar til beste dame og mann på begge distansar.
Medaljer ved målgang til alle som deltek.
 
 
Det er krav om lisens frå det året ein fyller 13 år på alle arrangement (på og utanfor bane) i regi av klubber tilknytta NFIF. For arrangement utanfor bane (mosjonsløp) kan man velge mellom eingangslisens og heilårslisens. Engangslisens kjøpes i forbindelse med påmelding til det aktuelle arrangement. Heilårslisens kan kjøpast her.
 
For spørsmål, kontaktperson:
Jan Henrik Nygård på epost
eller mobil 48013161