Florø T&IF er eit av dei eldste Idrettslaga i landet, og kan føre røtene sine tilbake til 1862, då eit lag for "Udbrædelse af Lægemsøvelser og Vaabenbrug" vart oppretta i byen, men det organiserte, moderne idrettsarbeidet kom i gang i 1893 etter initiativ av Jon Sørensen (1866-1936). FT&IF vart stifta 12.desember 1893 under navnet Florø Turnforening.
Utdrag frå boka "Frå liten til stor - med Florø Turn og Idrettsforening gjennom 100 år" av Bjarte Sindre og Jens Wollebæk (1994)
16.mai 1860 vart ladestedet Florø grunnlagt på Florelandet, og det vaks fram eit bysenter.
"Centralforeningen for Utbredelse af Lægemsøvelser og Vaabenbruk" vart stifta nasjonalt i 1861 og i 1862 i Florø. Etter kvart blei det motsetningar mellom skytter- og idrettsinteressene.
Den nyutdanna læraren Jon Sørensen kom til Florø i 1892. Han var svært interessert i friluftliv og turn, og sette straks i gang med å reorganisere idretten i byen. Målet hans var å stifte eit lag som hadde idretten som hovudmål. Byen såg ikkje ut til å ha brukandes hus som kunne nyttast til trening - bortsett frå sjukehuset. Han fekk til ein avtale om å låne kjellar og ein sal i sjukehuset, og den 12.desember 1893 sende han ut eit opprop i byen om skipningsmøte for Florø Turnforening.
For å skaffe midler til laget bestemte Sørensen seg for å halde ei forelesningsrekke for publikum om "Henrik Wergeland". Pengar som kom inn var nytta til å kjøpe turnapparat og manualar. Han hadde stor tru på styrketrening, og at ein burde bygge på dei idrettstradisjonane som allereie var i Florø.
Hovudidretten dei første åra var likevel turn, og sjølv om lokala i sjukehuset ikkje var tilfredsstillande hadde dei både skranke og ringar, hest og ribbevegger, og manualar til styrketrening. I 1895 opna "Fram", og turnforeningen flytta treninga si dit. I tillegg til eksiterande utstyr vart det kjøpt inn svingstang og trapés. I 1913 kjøpte foreninga forsamlingshuset.
Dei første oppvisningane var berre for menn, sjølv om kvinnene kom tidleg med i lagsarbeidet. Turnforeninga starta si første damegruppe i 1915, og ei lita stund etter den første jentegruppa.
I 1895 bestemte Turnforeninga seg for å opprette ei eiga rogruppe. Den fekk navnet Viking, og var ein aktiv del av Turnforeninga i 15 år.
Om det var stor aktivitet innan turn og roing, så stod det ikkje like godt til med friidretten dei første åra. Ungdommen hadde ingen stad å trene og konkurransane måtte avviklast i byen sine gater og parker. Lengre løp var rundt Storåsen, med vanskelige stier og gjennom sumpmark.
17.mai 1894 vart det første friidrettsstevne arrangert i Florø. Øvingane var løp, hopp, balansegang, klatring og manualløfting.
Skulle det bli framgang for friidretten, måtte banespørsmålet løysast. Etter at fleire områder var vurdert fall valget på eit område vest for Likkjeåsen, omtrent der Tenninsbana ligg i dag. Sjølv om det viste seg at den første idrettsplassen låg uheldig plassert, var han likevel til stor nytte. I 1919 sette FT&IF ned ein komite som skulle legge planar for å bygge ei ny bane på 110x70 m lenger vest som var betre egna for både friidrett og turnoppvisninger.
I 1908 var navnet på foreninga endra til Florø Turn- og Idrettsforening, og logoen slik vi kjenner den i dag vart teikna i 1918 av Anton Frisch i Kristiania.
Boksing og bryting var to idretter som ei tid stod sterkt i Florø. Florø Atletklubb blei stifta i 1913, og blei ein del av Florø Turn og Idrettsforening frå 1917.
På landsplan var det vinteridrettane som slo an i pionertida, men dei klimatiske tilhøva hindra ein i å kunne drive fast med vinteridretter i Florø. I januar 1918 kom det mykje snø og vakkert vinterver. I all hast bestemte foreninga seg for å arrangere skirenn (langrenn og hopp). Hoppbakken som vart nytta var sjølvsagt heilt provisorisk og tilløpet var altfor kort. Turnforeninga bestemte seg for at det måtte byggast ein hoppbakke. Bystyret gav løyve til å nytte eit område i Storåsen, men veret spelte ikkje på lag med dei skiinteresserte. Snøfattige år gjorde at bakken vart liggande brakk. Skigruppa vart lagt ned i 1984.
Til tider har isforholda lagt tilrette for skøyteløp i Florø, og høgdepunktet blei nådd alt i 1946 då fleire hundre møtte fram på Storevatnet.
i 1950 bestemte årsmøtet å setje i gang med orientering, men orienteringssporten vart lite utbreidd her ute ved kysten. Tennis, badminton og Bordtennins fekk heller ingen lang periode i FT&IF.
I 1964 fekk Magne Føleide sett igang Vektløfting med støtte frå friidretten og blei ein del av FT&IF. I 1988 var denne gruppa lagt ned.
Hausten 1970 flytta Bjarte Sindre tilbake til Florø, og tok initiativ til å starte Volleyball, og i 1971 vart FT&IF tatt opp i Norges Volleyballforbund.
Judogruppa kom igang etter årsmøtet i 1977, og var også den først i sitt slag i heile fylket.
Styrkeløft blei ein del av FT&IF i 1992 og Kickboksing i 1998. Florø Petanque i 2015