Om du er topp trent eller berre ønskjer å spasere deg ein tur saman med venner og kjente, meld deg på SFE Florømila Rett Vest.

Vi startar dagen med eit barneløp (0-12 år) rundt Lilleåsen kl.13. Her blir det startnummer på brystet og gullmedalje til alle som deltek, i tillegg til saft og frukt ved målgang.

Traséane
Løypa for 5km og 10km går langs Lille- og Storevatnet, over bruene ved Kystmuséet til Brendøya. Og for dei som spring SFE-mila, vil Sørstrand folkepark med holmar, bruer og ei utsikt der hav møter himmelen i vest, bli ein del av traséen. Start og mål på Florø stadion. Trykk her for kart med traséane (Google Maps)
 
Premiering
Flotte premiar til beste dame og mann på begge distansar, i tillegg til klassevinnarane. Medaljer ved målgang til alle som deltek.
 
(Opprinneleg dato er endra pga dobbelbooking av Florø stadion laurdag 22. april. For å "rydde opp" har FTIF valgt å flytte arrangementet frå laurdag til søndag. Vi betaler tilbake til dei som melde seg på før 15. februar, som ikkje kan delta søndag 23.04.)
 
Det er krav om lisens frå det året ein fyller 13 år på alle arrangement (på og utanfor bane) i regi av klubber tilknytta NFIF. For arrangement utanfor bane (mosjonsløp) kan man velge mellom eingangslisens og heilårslisens. Engangslisens kjøpes i forbindelse med påmelding til det aktuelle arrangement. Heilårslisens kan kjøpast her.

For spørsmål kontakt
:
Tone Strømmen Kjerpeset på e-post
el mobil 90823767