Åsen opp :
Arrangement :
Grupper :
Bakgrunnen for Åsen Opp i Florø

http://www.ftif.no/aasenopp/grx/bakg.jpgFleire personar uavhengig av kvarandre i Flora har i fleire år snakka og diskutert ulike former for eit løp opp på Brandsøyåsen 286 m.o.h.

Forholda ligg ypparleg til rette. Det går mange ulike løyper og trasear opp, og dessutan ein asfaltert veg. På toppen er det tilgang på straum. Ein kan ha start ulike stader alt etter kva type løp ein ønskjer seg: frå Krokane, Solheim, Brandsøy eller Torvmyrane. Det har også vore diskutert eit sykkelløp frå bommen og opp den asfalterte vegen. Flest folk går tur frå Krokane og Torvmyrane og opp, og det er denne hovudturløypa kommunen skal ruste opp. Merkemessig vil kanskje denne traseen vere verst i samband med eit løp. Andre stiar vil truleg langt på veg vere enklare å merke, som frå Solheim eller Brandsøy. Desse stiane vert også mykje brukt. Men det er eit poeng å få eit litt lengre løp, og dessutan ha god tilgang på parkering og garderobe.

Opprusting av stien:
Flora kommune har fått 70 000 kroner som er nytta til å oppgradere turstien frå Torvmyrane til Brandsøyåsen.

Oppdatert status pr 06.05.2016:

Status-2016