Friidrett :
Arrangement :
Grupper :
Aktuelt
FTIF med bronsemedalje i Stafett-NM-2012

alt
GLADE
GUTAR: Frå venstre Eivind Stavang, Jostein J. Fossøy, Øyvind S. Skjerpeset og Jonas Brandsøy.

Foto: Helga Reigstad

Fire gutar frå Florø sprang laurdag inn til ein sterk bronseplass under stafett-NM. – Steikje bra, meiner idrettsleiar i Florø.

Stafett-NM gjekk av stabelen på den nyopna stadion på Jessheim og fire gutar frå Florø viste der kva dei er gode for.
I konkurransen for menn senior 4 X 100 meter klinka dei til med tredjeplass.

– Dette synest eg var steikje bra. Det var ikkje akkurat forventa, men eg visste det kunne gå vegen, seier Rune Osa
som er leiar i friidrettsgruppa i Florø Turn og Idrettsforeining.

Eit stykke bak krinsrekorden

Gutane på laget var Jostein J Fossøy, Jonas Brandsøy, Øyvind S Kjerpeset og Eivind Stavang.

Med tida 43,16 var dei eit stykke bak krinsrekoden på distansen, den er frå førre sesong på 42,68. Vind på stadion
var truleg med på å gjere det vanskeleg å kome seg til mål med ei så god tid i dag.

Osa er uansett godt nøgd med prestasjonen.

– Dette var kjekt, det er fire gutar som presenterer bra jamt over, seier Osa.

– Dette har vi sikla på

Det er første gong i historia at Florø har teke medalje på 4X100 meter stafett, og Osa er stolt.

– Vi har sikla litt på ein medalje, og no har vi fire løparar som er kapable til å greie det. Det er steikje bra, seier han.

Og sjølv om laget altså ikkje klarte å slå krinsrekorden, er det nye sjansar for det om kort tid. 2. juni er det duka
for Hyunday Grand Prix Florø Friidrettsfestival, og dei fire får då sjansen til å imponere på heimebane.
Kilde: nrk.no

 
SFE har fornya avtalen med FTIF for 3 nye år
Floro-friidrettsfestival-bildeSFE2-2 

­­­­­­­­­­­­­­­­­Sogn og Fjordane Energi (SFE) har forlenga sponsoravtalen med friidrettsgruppa i Florø Turn for 3 nye år.  Her sponser SFE all vår aktivitet på barne og ungdomsidretten, i tillegg er dei med som sponsor på alle våre arrangement.

SFE legg og en bonus i potten på kr 10 000 til den utøvaren som eventuelt setter norsk rekord under
Hyundai Grand Prix Florø Friidrettsfestival som i år vert arrangert 2. juni.  Dei legg og en bonus på kr 5 000 for den utøvaren som setter norsk rekord på innendørsstemnet vårt.

-      SFE har hatt eit godt samarbeid med Florø Turn & Idrettsforening i fleire år allereie. Og vi er imponert over det klubben har fått til, mellom anna med svært profesjonell gjennomføring av fleire større arrangement, og gode resultat som følgje av ein medviten talentutvikling over mange år. Vi gledar oss derfor til å følgje klubben tett i tre nye år, seier kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i SFE.

Friidrettsgruppa er svært glad for at SFE støtter lokalsamfunnet på denne måten. Samtidig oppmoder vi alle våre medlemmer om å støtte opp om våre samarbeidspartnere!

 
Rune Osa om Fjord1-avtalen


Leder i Florø Turn og Idrettsforening Friidrettsgruppa kommenterer avtalesignering med Fjord1.

Rune Osa meiner dei gladeleg deler kompetanse dei har på trening til Fjord1 konsernet med støtta dei får i bytte. Konsernsjef Leif Øverland meiner FT&IF har bygd opp noko unikt i Florø og er synlege nasjonalt. Dette er perfekt for Fjord1 som ønskjer å vere langsiktige i støtta lokalt, men også vise att nasjonalt. I tillegg til direkte pengestøtte på fleire hundre tusen over tre år, gir dei ein gut og ei jente eit talentstipend på 10.000 kroner kvart år.
 – Vi vil bidra til at dei kan sette nasjonale spor og inspirere talenta som konkurrerer i eit nasjonalt perspektiv, seier Øverland og trur dei vil få eit godt samarbeid både i profilering og støtte nasjonalt og til å inspirere tilsette og familiane deira til auka aktivitet. – Kva vi kan gjere for Fjord1 skal vi komme tilbake til, men vi vil finne ulike treningsopplegg bygde etter dei behova og ønska dei har, seier Osa.
 I samband med friidrettsfestivalen blir det arrangert eit eige ungdomsmeisterskap som vil heite Fjord1-leikane for ungdom i Vest. I 2013 og 2014 vil Florø Idoor heite Fjord1 Florø Indoor. At dei får inn eit stipend som kan inspirere talent i aldersgruppa 14–17 år, då ungdom ofte droppar ut av aktivitet, ser Osa på som spesielt positivt.

Kilde: Firdaposten

 
Fjord1 signerer med FTIF

Fjord1 har utvida avtalen med Florø T&IF og blir hovudsponsor. Dei blir også profilsponsor for Florø Indoor.
Kontrakten strekk seg over tre år og inneheld direkte støtte til dei nasjonale arrangementa dei neste tre åra.
Inkluderer to talentstipend kvart år og ei samarbeidsavtale for å inspirere Fjord1-tilsette til betre fysisk helse.

FLORØ: Sponsoravtalar er ikkje lenger kva dei var. No heiter det samarbeidsavtalar, og i den treårige kontrakten FT&IF har signert med Fjord1 skal sjøfolket bli inspirert til å betre sin eigne fysiske form.

Konsernsjefen i Fjord1 var laurdag å sjå i Dagens Næringsliv der han saman med tidlegare langrennsløpar Kari Uglem og gravejournalisten Arne O. Holm var testperson på friskvernklinikken i Asker. Dei gjennomførte ei kapasitetsanalyse som avslører den fysisk forma og ikkje berre kondisjonen. For Øverland er ein konserndirektør som veit det å halde seg i god fysisk form har stor verdi. Sjølv er han meir enn gjennomsnittet oppteken av trening og var også blant dei 16.500 som gjekk Birken i år. Men det testen i DN avslørte var at fysisk form handlar om meir enn kondisjonstrening.
– Det har eg gløymt, fortalde Øverland til næringslivsavisa.

Gi og få
Om det er denne haldninga som ligg til grunn for den nye samarbeidsavtalen med Florø Turn og Idrettsforening vitast ikkje, men måndag skreiv Øverland under ei treårig avtale med Florøklubben som har i seg eit forsøk på å betre den fysiske helsa til dei som jobbar i konsernet. Fjord1 som har støtta Florø Turn og IF gjennom mange år har no utvida avtalen og blitt ny hovudsponsor. Avtalen skal bidra til rekruttering og vekst for FT&IF gjennom det årlege treningsarbeidet i tillegg til å sikre dei nasjonale arrangementa. Desse har sett Florø på kartet og er blitt opningsstemnet kor dei dei nasjonale toppane møter internasjonal konkurranse i starten på friidrettssesongen.

 Lokalt og langsiktig
 – Vi utvidar no samarbeidet med ein avtale som støttar lokale talent gjennom eit årleg stipend og ein avtale der FT&IF vil vere med å inspirere tilsette gjennom eigne aktivitetar, seier konsernsjef Leif Øverland. – Helse og prestasjon heng tett i hop, i arbeidslivet og elles, legg han til. Timingen med signeringa av den nye avtalen heng også i hop med at Fylkesbaatane og Fjord1 no skal slåast saman til eit felles selskap. Både hovudkontoret og reiarlaget byggjast opp lokalt. Då landa Fjord1 på FT&IF. Ein liten klubb på Vestlandet som har lukkast å markere seg både som utøvar og arrangørklubb på ein nasjonal arena. Fjord1 som er marknadsleiar på gassdriven framdriftsteknologi såg her mogelegheit til å bli profilert nasjonalt i tillegg til at dei er lokalt forankra i støtta.

«Helse og trivsel heng tett i hop, i arbeidslivet og elles»
Konsernsjef i Fjord1 Leif Øverland.
 

Kilde: Firdaposten

 
«StartForrige1234NesteSiste»

Side 4 av 4