Friidrett :
Arrangement :
Grupper :

  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow

 



Friidrettsgruppa er FTIF's største gruppe.

Gruppa har vel 900 medlemmer som består av aktive utøvarar i alle klasser, støttemedlemmer, funksjonærar og dommarar, mosjon og trim etc. Gruppa er svært aktiv på arrangement sida. Har dei siste åra bl. anna arrangert NM for veteraner, ungdomsmeisterskapen, Jr NM, hoved NM i 2004 og ikkje å forgløyme Florø Friidrettsfestival - eit internasjonalt elitestemne.

Elles nemner vi Florø Maraton Rett Vest, Åsen Opp (bakkeløp) og GDF SUEZ Floramila som er mosjonsløp med konkurranseklasser. Dessutan arrangerer vi Gjensidigeleikane, Floraleikane og mange seriestemner. År om anna også KM.

På dommarsida er vi rimeleg godt situert, dette skuldast at vi har skulert mange nye dommarar dei siste åra. Trenararsituasjonen kunne ha vore bedre. Det er dei sista åra utdanna fleire trenar I, men dette er stort sett ungdommar som no er i gang med utdanning og ikkje busett i Flora. Håpet er at dei kjem tilbake og vil vere med å bidra.

Trenarar for øvrig er: Benert Mathews, Thor Kjerpeset, Mette Gundersen, Synnøve Leikanger, Tone Strømmen Kjerpeset og Johan Gjerland. På barneidrettsskulen er trenar/medhjelparsituasjonen vesentleg betre.

Gruppa trenar i Florø Idrettssenter vinterstid på mandag, tirsdag, enkelte onsdagar når været er ille, elles ute på Florø Stadion, torsdag og fredag. I sommarhalvåret er treninga konsentrert ved Florø Stadion på mandagar, onsdagar og torsdagar, og styrketrening i Florø Idrettssenter.

Nærare opplysningar kan fåast hos :
Rune eller Oddfrid Osa - tlf 91 10 12 60 (Rune) 95 89 35 89 (Oddfrid)
Tone Strømmen Kjerpeseth - tlf 908 23 767