Åsen opp :
Arrangement :
Grupper :
Referat Åsen Opp 2005
http://www.ftif.no/aasenopp/grx/po.jpg
Velkommen til Åsen Opp i Florø

Referat Åsen Opp 2005

Heimefavoritt vann Åsen Opp 2005

Det vart ein vellukka Åsen Opp laurdag 28. mai 2005. Mange tok turen opp på toppen (292 moh) berre for å sjå på og kjøpe vaflar og kose seg, og mange deltok også i trimklassa til det 2,6 km lange løpet. I konkurranseklassa var det i år dobbelt så mange deltakarar som første gongen i fjor, og Jan Arve Solheim frå Florø vann på tida 15.02, med fall.

 Men Solheim var berre seks sekund føre fjorårsvinnaren Magnus Sundal frå Florø/Sundal. I kvinneklassa tok Norunn Stavø sitt andre napp i Firdapostens vandrepokal med tida 18.56. Stavø var einaste kvinne under 20 min.

134 stilte opp totalt, 76 i konkurranse og 58 i trimklassa.

Det var lettskya pent ver og kring 15 varmegrader og fine løpsforhold sjølv om løypa enkelte stader var litt blaut. I desse våte partia er det om å gjere å vite kvar steinane og dei tørre tuene ligg henne, noko Solheim og Sundal og andre heimefavorittar har ein fordel av. Til dømes fekk den svært sterke løparen Brynulf Vonen frå Bergen/Varegg tida 15.46, og kjem nok sterkare tilbake med nokre fleire turar opp på åsen. Det same gjer nok også Arve Rindal frå Nordfjordeid og Asgeir Årdal frå Skei som begge fekk den gode tida 15.30, første gongen dei sprang opp på Brandsøyåsen.

Desse to fekk delt andreplass i den harde 20 til 39 års klassen, bak Magnus Sundal på 15.08. Elles valde arrangørane individuell start, noko som gav ryddige løpsforhold.

Terrengløpet ÅSEN OPP er 2 577 meter langt, men i tillegg skal du opp 280 høgdemeter.

Jon H. Sørland