Florø Maraton Rett Vest:
Arrangement :
Grupper :
Histora bak Rett Vest i Florø

Arrangementet Rett Vest tok Jens Wollebæk inititativ til i 1982. I følgje boka som vart gjeven ut i samband med 100-års-jubileet til Florø Turn og Idrettsforening starta det heile slik:

På slutten av 70-talet vart Jens ”joggefrelst”. På heimvegen etter Oslo Maraton i 1981 kom han til Ramsdalsheia (fjellpartiet som vegen gjekk over før tunnelen til Naustdal vart opna).  Der var det strålande ver med klår sikt like ut til vesterhavet. Han fekk då den geniale ideen at dette måtte vere ei fantastisk maraton-løype, rett vestover og distansen viste å vere nøyaktig 42195 meter frå Trollstova til Florø.

Men det viste seg at starten frå Heia vart for krevjande.  Difor flytte ein i 1984 starten til Krogstadvatnet.  Då brua over Nordalsfjorden var ferdig i 1987 vart starten lagt til Grøndalen. Dermed hadde løypa funne sin faste trasé. I 1987 etablerte vi samarbeid med Nordalsfjord IL, som var ansvarlege for den første delen av maraton-løypa til og med 2013.

I 2014 valgde vi å endre på traséen, av fleire årsaker. Mest pga det rasfarlege Sundefjellet som det for halvmaraton og maraton var 16-14km igjen til mål, men også fordi vi ville fornye oss, lage eit meir kompakt arrangement, utan stress med busstransport osv. Det vart bestemt å bruke ei felles 10km-sløyfe for maraton, halvmaraton og 10km. Etter bl.a. erfaringar frå 2014 måtte vi endre traséen også for 2015, men også pga vegstenging grunna gravearbeid.

Jens Wollebæk var sjef for Rett Vest-arrangementet i åra 1982-1995, før han bestemde seg for å flytte til ”heimlege” trakter på Ås.
Leif-Martin Reknes har hatt denne rolla frå 1996 heilt fram til og med 2014, då han flytta til Nødset i Bremanger.
Fleire av kommité-medlemane for Rett Vest ønskte også gje seg no, bl.a. Anny Langø som hadde vore med sidan starten i 1982! Dette førde til at det måtte rekrutterast nokre nye medlemmar. Den einaste "veteranen" i den nye kommitéen er 
Oddvar Grotle, har vore med i 27 år!

Frå hausten 2014 er det Oddvar Grotle som er stemneleiar. Han har vore med i arrangementskomitéen sidan 1988.
I løpet av desse åra har han etterkvart vore - og er fortsatt - løypesjef, ansvarleg for påmelding, tidtaking, heimeside og Facebook-side.